Vilkår

FORSIKRING OG ANSVAR

Liadal Lager AS forsikrar kun eige bygg. Kunden er ansvarleg for å teikne forsikring som dekkjer dei lagra gjenstandane mot brann, hærverk, tjuveri og andre skadar/tap, då dette ikkje dekkjast av Liadal Lager si forsikring. Liadal Lager AS er ikkje ansvarleg for fylgjeskader.
Lagring skjer på eige ansvar.

SIKKERHEITSKRAV UNDER LAGRINGSPERIODEN:

Gassbehaldarar, bensinkanner og andre brannfarlege væsker utanom bilen/båten sine eige tanksystem, må takast ut av kunden før plassering.

Kunden må sørgje for at forbruksbatteriet til bubil/campingvogn er fråkopla, eller ev. avslått hovedstraumsbrytar. Batteria på båtar må være fråkopla av eigar, ev. avslått hovedstraumsbrytar.

Av omsyn til skadar som kan oppstå på lagra gjenstandar, gjev ein ikkje tilgang til å arbeide på objektet i leigeperioda.

Nøklar til alle køyretøy, også MC, oppbevarast av utleigar. Då det er utleigar som gjennomfører all inn- og utkøyring treng vi nøklane til dette. Vi treng ikkje nøklar til campingvogner og båtar.

INN/UTLEVERING:

Ved sesonglagring er det inn og utlevering etter avtalte tider.

Inn og utlevering av sesonglagra objekt skjer av Liadal Lager.

BETALING:

Faktura for sesonglagring sendast ut ved innlevering. 
Vi kan dessverre ikkje utlevere objekt før heile leigebeløpet er betalt.